søndag 6. januar 2019

New year's plans....



Link to ScrapHappy Saturday.
Link to Oh Scrap
Link to Bambisyr, visa och beretta

Some finishes from last year, some ufos to be working on this year, some challenges!



Eg har gått gjennom fjorårets "større" finishar, nokre av dei var ufoar etter mønster (nr. 1 og 3), og
dei 2 andre var såkalla scrapquilts, utan mønster.












Ved eit årsskifte vert det publisert mange forskjellige ufo-utfordringar og andre sy-utfordringar, både på facebook og på bloggar.

Eg er forsiktig med å "binde" meg til slike ting, vil stå mest mogeleg fritt og vere kreativ etter innfallsmetoden, men det er ikkje til å stikke under ein stol at det hadde vore stas å få ferdig nokre av tinga som ligg på vent.

Her er nokre prosjekt som skal få merksemd no i starten av året:

Chick Country frå Sew Kind of Wonderful


Row by Row frå Jeanette White & Erin Hamilton



Gratismønster frå Peggy, mug rugs til jul...


Stjerneløpar frå AnnaKa

 Summer Sampler 2018 frå Freshly Pieced



Julvanten, samstrikk på facebook, frå Jærbo



Eg har også lyst å vere med på "farge-utfordringa" Rainbow Challenge, då eg likar godt å bruke opp restar. Klikkbar link i høgre marg.
SoScrappy

Eg likar veldig godt å lære nye ting, og derfor har eg meldt meg på Mrs Moen sine utfordringar, eg prøver i første omgong 6 md. Nina Lise Moen lagar utruleg fine og gode videoar, og dette blir "småprosjekt" på si. Morosamt! Sjekk det ut på Facebook om nokon vil henge seg på her.

Nina Lise Moen sitt bilete.


3 kommentarer:

  1. Så kjekt at du blir med på fargeutfordringa. Eg var med for nokre år sidan, og tenkte at det var på tide å hive seg inn att. Kanskje finne fram noko frå sist og gjere ferdig?

    SvarSlett
  2. Beautiful, I love your colours.

    SvarSlett
  3. Så mange flott du har laga og også som du holder på med. Gøy at du også skal være med både på Mrs. Moen tar utfordringer og RCS19. Akkurat de samme utfordringene som meg. :-)

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!