torsdag 21. juni 2018

Summer solstice!



If you go to the link, you'll find everything about this sampler.

Dette er sommarens syprosjekt så langt. Ei blokk pr. veke. Sjå link over. 
Det er kjende designarar som har laga blokk-mønstrene, og tema er kvar gong ein stad dei har vore. 
Nr. 1 Water Well er inspirert av ein fleire hundre år gammal brønn i India, nr. 2 Shernzhen, inspirert av kinesiske møblar og arkitektur, nr. 3 Southwest Highway, inspirert av fjella i New Mexico, nr. 4 Giza, inspirert av den store pyramiden i Giza, og nr. 5 Prints, inspirert av Sydney Harbour Bridge og Sydney Opera House.






Elin Torvik Grov sitt bilete.


Ein heil månad utan blogging, og i dag har sola snudd. Ja, det har vore hektiske tider, men no har eg teke ferie! Eg håper sommaren ikkje er over. Vi hadde jo så fantastisk ver i mai og starten av juni, men no har det vore meir lunefullt ei stund. Det kuliminerte på gjebussen min den 19. juni med veldige stormbyger og regnbyger.

Dette biletet av far min og eg kan vel vere teke ca. 1965 heime på tunet. Eg var ei skikkeleg pappajente sidan eg vart fødd på hans dag. I år hadde han blitt 100 år. Han gjekk bort i 2007

Naturbloggen min har eg laga fleire innlegg i dag.

Lupinar mm før stormen...


2 kommentarer:

  1. SÅ stilig sommerprosjekt du er med på. Tøffe blokker! Så koselig med det gamle bilde av deg og pappan din. Godt å ha de gode minner med seg videre i livet.
    Ja, nå får vi håpe sommeren kommer tilbake. Jeg trenger ikke 30 grader, men fint om temperaturen blir litt bedre enn vi har hatt noen dager nå. :-)

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!