søndag 18. mars 2018

Patchwork City

 New sew along project on Facebook and Instagram! 

#scandinavianmodernquilters #smqsewalong #patchworkcitysewalong2018 (international non stress group)

Denne helga har eg fått sydd mine første 6 blokker frå boka til Elizabeth Hartman som heiter Patchwork City. Eg har alltid vore ei "block lady" sidan eg begynte med denne hobbyen. I starten var det Civil War- stilen som opptok meg mest, og eg har liggande uferdige prosjekt (nesten ferdige) både Dear Jane og Civil War sampler. Det store skillet kom med blogg og kontakter både fjern og nær. Det førte meg inn på lista til Jennifer Chiaverinni og sying av Sylvia's Bridal Sampler. At eg greidde å gjere heilt ferdig det prosjektet, ser eg framleis på som ei bragd. Etter det kunne ikkje mykje vere vanskelegare... Gamlebloggen min har mykje om denne prosessen.
Seinare har det vorte fleire samplar quilts og block of the month. Den kjekkaste var Tula Pink City sampler.
No er eg altså i gong med ein annan sampler. Eg har ikkje planer om å sy alle blokkene. Eg har begynt på starten av boka. Her skal ein ha det kjekt. Velge blokker som er kjekke og gir meg glede. 
Eg prøver å få med meg fleire på samsying, og er spent på responsen frå ei sysamangruppe eg har skipa til på facebook på gruppa Moderne Skandinaviske Quiltere.


Sitat frå boka til Elizabeth: "Making a sampler quilt is a long-term project, and I encourage you to embrace that fact. We all have projects that need to be completed on a deadline, but this should not be one of them. Embrace the idea of making a quilt that is for you and is a reflection of your favorite things. Consider each block as its own composition and take the time to choose fabric thoughtfully. It will take as long as it needs to. Build your very own patchwork city!"

Kathy, these blocks are machine sewed, but very slow and contemplating in process:))



Forest Park


Donut Shop


Crosswalk


Intersection


Intercom


Transit center



Desse stoffa kom frå Northern Quilts. Ja, av og til må ein berre over bekken etter vatn..
Kona cotton og Lotta Jansdotter-stoff.
Eg supplerer med det eg har av scraps i korger og skuffer, på bord og benkar...


4 kommentarer:

  1. Dette ser ut som ein flott start på noko stort og fint. Lykke til!

    SvarSlett
  2. A great quilt in the making

    SvarSlett
  3. Så tøffe blokker :)Spennende å sjå fortsettelsen :)

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!