søndag 14. mai 2017

Norway mini quilt, Madrid and more!


Link to Kathy's Quilt.
A blog about Madrid vacation, my latest sewing. Please turn on the google translation!

Norway heiter denne blokka, den har ein skjønnhetsfeil som skal rettast opp. Det er veldig lurt å ta bilete før ein begynner med kviltinga, då ser ein lettare om det er feil. 
(Eg har ein flott veggkvilt som eg brått ein dag såg ein feil på, og no ser eg berre den feilen...)
Her er altså åttebladsrose i lappeteknikk. Då Camille Roskelley var i Noreg på den store festivalen på Gardermoen for nokre år sidan, blei ho inspirert til å designe denne blokka. Dette er ei modifisert utgåve av "minien" hennar, eg auka opp frå 1 1/4" til 1 1/2" remser.
Eigentleg hadde eg tenkt å ta med denne til Spania, men den blei ikkje ferdig i tide.


MADRID

Eg jobbar med eit større innlegg om turen min til Madrid, det kjem etter kvart på den andre bloggen min.
Her er Friendshipstar-kvilten (av same designar) på plass i leiligheta til veninna mi i Madrid.


Eg var på fleire museum. Her er Kjole/drakt-museet i utkanten av Madrid. Interessant! 


Liberty-stoff.


Spania har ikkje same tradisjon for lappeteknikk som vi, det viser godt att i butikkane! Her frå den butikken vi fann som hadde mest stoff, men som ikkje hadde evna å stille dei ut på ein god måte. 
Til slutt valde eg ut dei 4 Liberty-bitane.



SYHELG I KLUBBEN!

Meir om dette kan du lese HER.


Ein løpar blei til denne helga.


Ei blokk har det blitt....





3 kommentarer:

  1. The red, white, and blue block is so graphic and stunning.

    SvarSlett
  2. So happy you are making progress on Life is Beautiful!
    Perhaps we will finish our quilts at the same time?!?

    SvarSlett
  3. Flott Norgesblokk du har laget. Ja, det er lurt å ta bilde. Jeg har også opplevd å finne feil da. Tøff løper, og sticheri blokka likte jeg ekstra godt. Koselig med ugla og flott tekst. :-)

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!