lørdag 31. desember 2016

Happy new year!

This is the last blog post of 2016. It has been a good and productive year. I hope to go on blogging in 2017, a year I celebrate 10 years of blogging! 
I thank all my readers and companions for the old year, and wish you all a happy New Year!


Det er nyttårsafta, og dette blir dermed siste blogginnlegget i 2016. 

Denne romjula har vore prega av mykje ver og mykje sykje... altså har vi vore mest i ro. 
Det er første nyttårsafta på 15 år utan hund, og det er i seg sjølv både vemodig og ei lette. Tinka var umåteleg redd rakettane, og sjølv om snille naboar ringde og varsla, var det ikkje anna å gjere enn å setje seg i bilen og køyre til "ein stille stad". 
Eg er no litt sånn kjerringa mot straumen, eg likar verken for mykje juleutelys eller for mykje rakettar. Eg tykkjer raketthysteriet er heilt forferdeleg, tenk å skyte opp i lufta så mykje, kva kunne ikkje verda brukt dei pengane til av gode formål.... 

Vel vel, året er snart slutt, og det har for vår familie vore eit godt år. Vi har ein som har mista jobben, men han er beundringsverdig flink til å finne mellombels arbeid og stå på. Respekt for det! 
Eg skal elles ikkje gjere opp status, anna enn at eg er så takknemleg for familien min, for at helsa har vore god, for arbeid, kollegaer og vener. Og heile tida har eg syrommet som min sentrale plass i huset (!), der eg finn ro og inspirasjon, syr og høyrer lydbok. Det er mentalhygiene, og eg føler meg priviligert som får utfalde meg med slike gode hobbyar.

Takk for det gamle året, og godt nytt år!


Her er nokre bilete av julegåver som vart ferdige på tampen.
Jakka er str. 2 år, og er til Isak. 


Dette slumreteppet har eg sydd saman i dag. Det skal vere gåve til ei niese som fylte 50 år i januar... Ho ønska seg haustfargar, så dette blei eit Scrappy trip around the world, det skal ha fleece på baksida, og skal kviltast ein av dei første dagane.


Eg tykte det passa godt på spisebordet i gamlestova. Trur eg må sy ein duk der...


Sviblane er komt ut for døra, for dei luktar veldig. Det har vore ei mild jul!

  
Utsikta frå terrassen nyttårsafta 2016. Vått og grått. So det pla...


Etter Syria-boka var det godt å slappe av med denne boka. Her har eg lært nye uttrykk som "staycation" (ferie i heimlandet), "pitylikes" (når folk likar bildet ditt for å vere snill), og haldningar som No retreat, no surrender (frå Karate Kid).
Veldig morosamt, samtidig alvorleg, sjølv om ting er sette på spissen, er der mange sanningar under!


Bilderesultat for winter i verdens rikeste land Her er bokmelding.

Tro ikke mørket når lyset går ned i skumringens fang, sa morfar, - alltid er det på jorden et sted soloppgang (Sitat frå Andre Bjerke?)

6 kommentarer:

  1. Godt nytt år! Ønsker deg og dine et riktig godt 2017! Klem fra meg

    SvarSlett
  2. Rigtig godt nytår til dig og dine kære. Åh ja, her var det også første år uden hund ...den var på en gang både meget vemodigt og samtidig også en lettelse. Så jeg føler med dig.. Må det nye år bringe en masse glæde. Knus

    SvarSlett
  3. this year brings up 10 years of blogging for me also..............wow where has it gone..........

    SvarSlett
  4. kære Elin,
    rigtig godt nytår til dig og dem du holder af :-) Jeg glæder mig til at følge med her igen i år.

    quiltehilsner
    Angelika

    SvarSlett
  5. Godt nytt år til deg! Så mange fine julegaver du lagde, og det slumreteppet passet som du sier godt på bordet ditt. Det er kjekt å følge deg både på bloggen, og på andre sosiale medier. :-)

    SvarSlett
  6. Godt nytt år!
    Det er fleire enn du som ikkje er så glad i nyttårsrakettar. Utelys har vi heller ikkje ...

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!