søndag 23. oktober 2016

Small projects and some very good reads!

I have made some purses last week. 

Look at the pictures with trees, low sun and moon on the sky at the same time. 
This autumn has been so nice with lots of sunny days here in the west.


Eg har laga nokre små mapper denne veka. Eg tykkjer det er kjekt å improvisere, bruke quilt as you go, og gamle blokker som har lege i skuffa.
Naturen er fantastisk rundt oss no. Sola og månen på himmelen på same tid (dei bileta vart tekne onsdag). Om ei veke skal vi skru klokka tilbake, DÅ blir det tidleg mørkt. 
I dag har husbonden beisa hytta, og eg har vore på sjukeheimen i lag med Rygg songlag.  Det er så utruleg kjekt å vere med i koret igjen!

Gode bøker høyrer eg gjerne på, sjekk nederst på innlegget!

Link til Kathy's Quilt.











Gode lesaropplevingar! 

Desse to forfattarane les og høyrer eg gjerne!
Attmed symaskina er det fint å høyre lydbok. Renberg si bok er rett og slett spennande, og det at han les sjølv, gir opplevinga ein ekstra dimensjon!

Knausgård les ikkje sjølv, men er fin å høyre likevel. Eg får nesten flashback til Min kamp når eg høyrer denne boka. Eg ser ho blir rekna som Min kamp 7, sjølv om ho er skriven på ein annan måte. Kan verkeleg anbefalast! Eg gleder meg til 3. desember, då skal eg på Min kamp på Eid, riksteatret si framsyning.


Omtale av boka her.


Omtale av boka her.


6 kommentarer:

  1. Så flotte mapper. Og god inspirasjon. Sangkor er flott. Vi holder på å øve til en stor forestilling på lørdag, har holdt på lenge. Men fint skal det bli.

    SvarSlett
  2. I love the late afternoons in autumn when the sun and the moon are up at the same time. It is so magical.

    SvarSlett
  3. So lovely... the bird is my favourite!

    SvarSlett
  4. Jag gillar de små "förvaringarna" som Du sytt.

    Dollandesign

    SvarSlett
  5. Veldig fine mapper du har sydd!!

    SvarSlett
  6. Veldig fine mapper du har sydd!!

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!