søndag 15. mai 2016

Stockholm in May!

School visit to Stockholm May 2016. 
Have a look at the links. They are places I visited.
Stockholm is a wonderful city!

Første veka i mai var vi 30 kollegaer som reiste til Stockholm på studietur til Gärdeskolan i Sollentuna. Det var frå a til å ein svært vellukka og lærerik tur. Ein dag til skulebesøk, og ein dag til sightseeing. 
Denne skulen har gjennomført 2lærarsystem og relativt store klassar. Gå inn på lenkja under og lær meir.  

På byvandring i Gamla Stan var eg innom ein herleg butikk, der eg kjøpte denne muggen. Eg samlar på muggar, og denne her fall eg for med ein gong. Fuglar er eit ynda motiv for meg.  Sjekk lenkja til kunstnaren Lena Linderholm.
Eg var på Vasamuseet, og det var også ei stor oppleving! Dette museet kan anbefalast.
Vi budde i Tegnerlunden, på eit koseleg hotell med frukostsal i 6. etasje, med fin utsikt over byen. Elles er denne parken kjend for opningssida i Mio min Mio av Astrid Lindgren.

Eg vil gjerne tilbake til denne byen!



Gärdeskolan i Sollentuna, Stockholm.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!