tirsdag 6. januar 2015

Januar fokus-prosjekt og eit hentesett i bruk!

Nytt år og nye muligheter heiter det. Kva planar har du på syfronten?

I løpet av denne månaden har eg tenkt å ta ei vare-oppteljing/opprydding/systematisering av pågåande prosjekt. Nokre av desse prosjekta er temmeleg gamle, nokre er utgådde på dato, nokre er framleis interessante. Eg reknar med at dei fleste med ein hobby som dette veit kva eg meiner. 

Går det an å kaste noko? For å vere ærleg, så har eg gjort det ein gong eller to tidlegare. Er det nokre av dei større prosjekta som rett og slett kan avsluttast før alle blokkene er sydde?

Eg har liggande fleire ferdige toppar klare til kvilting, større og mindre ting. Desse skal fram i lyset når eg får tilbake den største og nyaste maskina mi frå symaskinverkstaden. Kor tid det skjer, er ikkje så lett å forutsjå. I mellomtida syr eg mindre ting på den gode gamle.


I kveld har eg sydd denne blokka av fjorårets Aurifil månadsblokk. No er det 2 blokker att.
Fokus for januar er å få ferdig denne toppen, pluss Swoon-toppen, som manglar 1 blokk.
Alt utanom dette, må sjåast som bonus. 

Eg likar nemleg også å strikke!

Her er BB2 på veg heim frå sjukehuset, 4 dagar gammal. Hentesettet er strikka i Dale baby-ull, str. 0 - 3 md. Mormor er veldig takksam, stolt, letta, glad, ja alt!

Og kva kan no vere kjekkare enn å strikke til barnebarna?


Some resolutions for the new year. My focus projects for January is finishing the tops of Aurifil BOM 2014 and Swoon quilt by Camille Roskelly. 
And here is a photo of BB2, 4 days old, on his way back home from hospital in the clothes I have knitted for him. Cute? I'm totally overwhelmed by relief, thankfullnes, proudness, you name it!

6 kommentarer:

  1. Hei, og tillykke med ny verdsborgar. Eg tenkjer akkurat som du, at no må eg få litt skikk på alle dei prosjekta eg har liggande halvferdig. Litt opprydding må til innimellom. Men eg blir nok freista til nye ting, kjenner eg meg sjølv rett.

    SvarSlett
  2. Ja, eg veit kva du snakkar om. Eg har svært tungt for å kasta, men ein gong gjorde eg det. Nokre eldgamle blokker sydd av julestoff frå 70/80 talet. Dei såg ikkje ut, og eg har aldri sakna dei.
    Eg har tenkt å bruka noko tid på strikke-UFOar denne månaden. Plukka fram ein del posar med halvferdige strikkeprosjekt som eg har lagt i korga i stua. No skal eg prøva å få unna noko. Det kan tenkjast at eit og anna vert rekt opp og. Då kan garnet nyttast til nye ting.
    Å strikka til dei små i familien er noko av det kjekkaste.

    SvarSlett
  3. Hei Elin!
    mitt råd er kast ting du ikke liker , eller tenker at dette kommer jeg aldri til å bruke til noe. Klart at det fint går ann å sy mindre ting som i utgangspunktet egentlig skulle hatt flere blokker - det gjør vel ingenting? Strikking må jeg og ha plass til - å når du har fått en så søt baby å strikke til så er jo det super koselig -Gratulerer :) Men ja, jeg synes det fint gå ann å kaste ting man ikke er glad i/fornøyd med/ vil bruke.
    Hilsen Kari Eide

    SvarSlett
  4. Det var et herlig barnebarn med kjempeflott hentesett! Lykke til med swon og de andre toppene som skal gjøres ferdig! Jeg vet akkurat hvordan du har det...

    SvarSlett
  5. Gratulerer med endå ein prins i familien. Ser ut som du står på, Elin. Eg har og tenkt å gjere ferdig påbegynte arbeid. Nearly insane er ei av det. Får sjå kva det blir til. Ynskjer deg lukke til på jobben og gode ynskjer for deg dette året.
    Nb. Skulle gjerne vore på klubbkveldane, men det blir vel smått med det??
    Mvh Liv

    SvarSlett
  6. Åhj, hvor er det en lille lækker mand med det fineste tøj på <3
    Åh jo, Elin, jeg ved lige præcis, hvad du mener med ufoer mm. Jeg har smidt enkelte bytteblokke ud, som ganske enkelt var så sjusket syet, at jeg bare vidste, at jeg aldrig ville komme til at bruge dem.
    Jeg har ryddet op i mine stoffer og blokke og en del er blevet foræret til en veninde, som syer tæpper og tøj for Røde Kors og Mødrehjælpen. Glæder mig hver gang hun viser mig, hvad der er blevet af det, hun har fået af mig.
    Gå dine ting igennem, er du i tvivl. Gem det et år og kik på det igen. Og beslut dig så.Måske kan du også finde en nørkle gruppe i dit område, som kunne ha' glæde af noget af det.
    Jeg har desuden lavet mig en skema, hvor jeg har alle mine ufoer listet op i undergrupper alt efter, hvor de er i processen, f.eks: mangler at sy blokke, alle blokke syet, mangler quiltning og så videre. Jeg elsker min liste. Den stresser mig på ingen måde.
    Det var lidt input sydfra ;-).
    Knus
    Anne-Mette

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!