Hei, hei, her er vi! Denne gode babyen blei fødd 2. januar, og det var ein lang og velfødd veslebror vi fekk med sine 4990 g og 55 cm! I dag kunne besten og mormor få helse på guten for første gong! Det er berre fantastisk å få barnebarn! Storebror var fødd i 09, så han tykkjer det er stor stas, men det er klart at det blir ein bra overgong for han å dele på merksemda frå no av!
(Eg har fått lov av mor å presentere eit bilete på bloggen).
Vi har hatt ei veldig god jul, der mykje fokus har vore på den føreståande hendinga.
No er yngstejenta på plass på Starum igjen, med hest og det heile. Køyreturen i dag hadde gått fint. Det er eit stort attelet å ha folk på vegane slik ver og føre har vore på desse kantar i det siste.
Eg var på planleggingsdag fredag, dog litt i "ammetåka", og i morgon er det jobb for alvor. Eg vonar på framleis god helse, slik at eg kan få jobbe i 60 prosent frå januar.
Gratulerer så mykje til heile fam.!
SvarSlettGratulerer også her! Nydeleg gut og flott bestemor!
SvarSlettLykke til med jobbinga!
Tusen takk for hyggelig nyttårshilsen på bloggen min, og GRATULERER SOM BESTEMOR! Flott barnebarn og bestemor! Riktig godt nyttår ønskes fra Siri
SvarSlettKære Elin,
SvarSlettstort TILLYKKE med den slet ikke så lille ny :-) og godt nytår til dig og dine kære.
quiltehilsner
Angelika
Oh, such a happy start of your new year!!! Congratulations to you and to your family!!!
SvarSlettKære Elin.
SvarSlettHjertelig tillykke med den lille ny verdensborger. Dejligt foto af jer. Det er en lille velvoksen gut med den størrelse han har.
Knus