søndag 10. august 2014

Vacation in Rogaland

Here comes some review from a short summer vacation to Jæren.

Sola strandhotell ved Stavanger




Sola-stranda


Orresanden






Utsikt frå statuen av Arne Garborg, litt ovanfor Knudaheio, sjekk lenkja her.
 Her kunne forfattaren sjå tilbake til barndomsheimen, som etter mykje tragedie blei seld ut av familien.






Både Arne og Hulda er "hauglagde" i hagen på Knudaheio.




 Barndomsheimen til Arne Garborg, sjekk lenkja her.


Desse ryene har eg ikkje sett før, og eg lurer på om dette er typisk for Jæren?
Kunne tenkje meg å lære teknikken.


Arne Garborg er velkjend for oss som er godt vaksne. For dei unge er han knapt eit namn, trur eg. Vi "leid" oss gjennom utdrag av romanane hans på gymnaset, utan evne til å forstå. No er han vel teken ut av pensum for lenge sidan. Men det er rart med det, når ein får nokre år på baken og større livsrøynsle, forstår ein meir, og godt er det. For meg var det ein draum å kome til Jæren, sjå landskapet, og besøkje Knudaheio.
No vil eg låne biografien til Tor Obrestad på biblioteket.


Det er ikkje dumt å vere turist i eige land! Det er kjapt og fleksibelt, og veldig lærerikt og inspirerande. Om det er så mykje dyrare enn utanlandsturar, vil eg tvile sterkt på. Og når ein i tillegg er heldige med veret, kan ein ikkje betre ha det!
Returen gjekk via Suldal, ein nydeleg plett. Vegen vi valde, dit gjekk gjennom fjellområdet Mosvatn og Gullingen, eit fantastisk flott område. 
Seinare køyrde vi over ei ny bru ("inst i ein fjord"...), Hardangerbrua. Brua var flott, den, og tunnelane på begge sider, men dette må no koste meir enn det smakar, spør du meg...

2 kommentarer:

  1. Nydelege bilete, Elin, og du skriv så godt. Må berre beundre deg - på
    mange måtar! Helsing ei av storesystrene.

    SvarSlett
  2. Fine bilder frå Ryfylke og Knudaheio. Vi var der for snart 30 år sidan då Audny gjekk på Meieriskulen på Bryne.

    SvarSlett

Tusen takk for tilbakemeldinga di! Thank you for your reply!